Jøldalshytta 2009 Foto: A. Kjelland
Jøldalshytta er ei av hyttene til Trondhjems Turistforening (TT) i Trollheimen. Ho ligg på Jøldalen i Rennebu og er den andre hytta TT har hatt i dette området. Den hytta som står no vart bygd i 1917 i to etasjer med kjøken, peisestove og rom for betjeninga i første etasje og 8 soverom med 23 senger i andre etasje.
Den første Jøldalshytta lå i den store setergrenda lenger framme i Jøldalen, der mange gardar i Grindalsgrenda i Rennebu har setrar. I 1907 kjøpte TT ei av desse, Hosetsetra for 520 kr, og tok ho i bruk som den andre turisthytta foreininga hadde i dette fjellområdet. Les mer …
Utsyn over «barndommens rike». Til høgre nede ved vegen ser vi Sæterbakken. Sentralt i bildet huset til bakaren. Han hadde bakeri i kjellaren og leverte ferske brød i nabolaget og vidare utover Strinda. Litt bak til venstre heimen min, Sæterhaugen. Foto: Fjellander Widerøe (1958) Eg voks opp på Strinda utanfor Trondheim, på ein villaeigedom frådelt Sæterbakken. Det er berre ca 8 km frå torget i Trondheim, men på slutten av 1950- og 1960-talet var dette rein landsbygd, sjå Fjellanger-Widerøe-bildet frå 1958 på lenka under. Sæterbakken var framleis i vanleg drift med mjølkeproduksjon, og den viktigaste kraftkjelda på garden var hesten, ein fjording. Eg hugsar eg spurte om – eller i alle fall fekk vete – kvifor brukaren ikkje hadde traktor, låvebrua var for bratt og krapp.
For oss ungane var slåttonna ei morosam tid, særleg etter at graset var kome opp i hesjene og vi kunne springe rundt dei, krype under og gøyme oss mellom. For ikkje å nemne når høykøyringa starta – da stilte vi opp for å trakke høylasset saman, og fekk av og til sitte på ned til garden og opp att. Les mer …
|